Nyhetssaker

Vinnaren er kåra

Knut-Leandar Alfheim (7 år) vart den heldige vinnar av konkurransen vår. Premien er ein flott oselvar-modell. I samband med ope hus og juleverkstad sist laurdag hadde vi ei lita konkurranse der publikum skulle sette namn på alle delane i ein oselvar. Dette var ikkje lett, men nokre hadde funne alle rette namn. Knut-Leandar fortel at han lette høgt og lavt etter svara. Nokre plansjar med namn fant han på do og andre i utstillinga, og nokre på ein skjerm. Etter iherdig innsats klarte han til slutt å finna alle svara. Vi gratulerer Knut-Leandar med premien.    ...

Les meir

Juleverkstad 9.desember

Julemarknad i Os sentrum og juleverkstad i Oselvarverkstaden. Mykje kjekt for både store og små som besøkte Osøyro sist helg. Lyshornet Brass var med å skape julestemning fleire stader i bygda. Oselvarverkstaden serverte gløgg og pepperkaker. Det vart arrangert konkurranse og dei som ville fekk gode råd av båtbyggarane. Takk for besøket til alle som tok turen!  

Les meir

Båtbyggjare og lærlingar på tur til Hordamuseet

1.desember 2017 besøkte vi Båthallen på Hordamuseet. Her kan du lesa litt om utstillinga: Båthallen på Hordamuseet inneheld 26 klinkbygde, opne trebåtar, med segl og årer som framdrift. Båtsamlinga til museet er ei av dei viktigaste i landet, med fleire eineståande båtar av stor kulturhistorisk tyding. Båtane i utstillinga kjem i hovudsak frå Hordaland, men Sogn og Fjordane er også representert. Dei har røtene sine godt planta i eldre jernalders klinkbyggjingsteknikk, ein tradisjon som går 1700 år attende i tid her på Vestlandet. Utstillinga syner korleis ein lærte å byggja båt. Ikkje ved å...

Les meir

Juleverkstad

Velkommen til verkstaden laurdag 9.desember – kl 12-17: Servering av saft, gløgg, kaffe og pepperkaker. Båtprat med båtbyggarane, juleverkstad og...

Les meir

Oselvar som kunst

Opplev installasjonen «Direction» av den japanske kunstneren Chiharu Shiota på KODE. Shiotas sammensatte trådverk har blitt sammenlignet med «å tegne i luften», og involverer gjerne hverdagslige gjenstander som båter, senger og nøkler. Hun tar også i bruk foto og video i flere av installasjonene sine. Her i Bergen har kunstneren valgt å inkludere gamle vestlandsbåter i verket. Disse båtene var en gang hverdagens framkomstmidler langs kysten utenfor Bergen. Tittelen bærer i seg en referanse til det å reise. Samtidig tar kunstneren opp det å navigere i et mer overordnet perspektiv: «I denne...

Les meir

Bratsjist Nora Taksdal på musikalsk visitt

Historisk møte: Bratsj frå 1745 og oselvar frå 1928. Nora Taksdal er solobratsjist i Kringkastingsorkestret. Denne og neste veke er ho på verkstaden for å studere kunsten å bygge båt. Båtbyggarene på si side er oppteken av kusnsten å bygge strykeinstrument....

Les meir

Ella og Fredrik, dei nye lærlingane våre

Mange var interessert i lærlingplassane som vi lyste ut i vår, og det vart vanskeleg å berre velge ein. 1.september starta Ella og Fredrik læretida si. Ella Mørtsell er 18 år og kjem frå Gratangen i Troms. Ho vaks opp med ei mor som segla fembøring, ein nordlandsbåt på ca 45 fot. Ella har difor eit nært forhold til sjø og båtliv. Ella er interessert i kunst og på fritida likar ho å teikne og måle. Heimplassen til Ella ligg i nærleiken av Nordnorsk Fartøyvernsenter i Gratangen. Dette er vel ein av grunnane til at Ella no er fast bestemt på å bli tradisjonsbåtbyggar. – Det er alltid...

Les meir

Oselvarverkstaden på Fylkeshuset

Takk til fylket for flott profilering på Fylkeshuset i Bergen. Dette seier Hordaland fylkeskommune om Oselvarverkstaden: «Ei lita bedrift kan med litt starthjelp få til store ting. Oselvarverkstaden med sin over 1000 år gamle båtbyggartradisjon, greidde til og med å komme på verdsarvlista til Unesco. Stas!»...

Les meir