Frå æring til tolværing

Heile familien samla: Frå venstre tolværingen Rival, åttringen Harald, seksæringen Babben, færingen Alexandra og til høgre ein æring som enno ikkje har fått namn. Foto Roy Arild Nilsen/ Kystkultur.No

Oselvaren har gjennom århundra blitt bygd i fleire ulike størrelser. Den minste æringen kan være kortare enn 4,5 meter og den største tolværingen kan vera lengre enn ti meter.

Til høgre ser du heile oselvar-familen samla. Båten til venstre er 18 alen lang og bygd på Oselvarverkstaden i 2001. Heilt til høgre ser du ein æring på 8 alen, bygd på same plassen i 2022.

Vi måler lengda på oselvaren i båtal, innvendig frå stevn til stevn. Ein båtal er omlag 55 cm.

«Båtalo» må ikkje forvekslast med ein «vanleg al» som var 62,75 cm da den gjekk ut av bruk, den sist nevnte har variert i lengd gjennom historia.

Teikning av Arne Emil Christensen

 

Lengd aleine fortel ikkje alt om ein båt. Her er to ulike båtar på 12 alen, ein regattabåt spanta som færing og ein seksæring med kjølrenne. Foto: Kjell Magnus Økland, frå boka Oselvar, den levande båten.
Minste og største båt bygd på Oselvarverkstaden: Bygg nr 19, tolværing, 18 alen (10 m), levert til Høgskulen i Telemark 2001. Båtbyggjarar Nils Olav Solbakken og Leif Harald Amundsen saman med lærlingane Hallgeir Bjørnevik, Maik Riebort og Frode Ryan. Æringen er bygg nr 114, 8 alen (4,4 m), fordjupningsbåt, ferdig 2022. Båtbyggjar Stig Salbu Henneman. Foto Vidar Langeland/ Oselvarverkstaden