Nyhetssaker

Særs vellukka Oselvarfestival

Laurdag blei Oselvarfestvialen arrangert i og rundt Oselvernaustet, Oselvarverkstaden og ikkje minst på Oselvo. Kor mange som var innom dei fire timane arrangementet varte er uvisst. Eit av dei populære innslaga var bygging av leikebåtar. Over 200 båtar gjekk ut i løpet av dagen. Det var mange ivrige båtbyggjarar.      ...

Les meir

Oselvardagane 2017

I byrjinga av kvart skuleår arrangerer vi Oselvardagen. Dette er eit undervisningsopplegg for alle elevane i niandeklassane i Os kommune. Opplegget er eit samarbeid mellom Oselvarverkstaden, Oselvarlaget og Os kommune. Her får elevane læra om oselvaren, historia frå vikingtida, bruk av båten og ellers om knuter og anna sjømannskap.  ...

Les meir

Oselvarfestivalen 2017

Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden – Laurdag 2. september – kl 10.00  Ope hus på Oselvarverkstaden. Tale m/ Berit Osmundsen, dagleg leiar Oselvarverkstaden. Båtbyggjarane gjer tips kring reparasjon og vedlikehald av trebåtar. Leikebåtbygging for born i alle aldre, kapproing, musikk og underhaldning.

Les meir

Risør trebåtfestival

3 – 5 august var Berit og Stig på Trebåtfestivalen i Risør. Kvart år kjem 12-15.000 gjester til den vesle sørlandsbyen desse dagane i starten av august. Publikum kjem for å få med seg nokre av verdas vakraste trebåtar, utstilling av kunsthandverk, store og små konsertar med lokale, nasjonale og internasjonale artistar. Oselvarverkstaden har vore fast gjest på festivalen i meir enn ti år. Takk til Terje Jansen for flotte...

Les meir

Til sals

Ny ubrukt Oselvar færing, 11 al (ca 620 cm) Ferdigbygd 2017. Pris 130 000,- ferdig smurd, inkl 2 par årer, tiljer, tofter og ausefat. Kontakt: Dagleg leiar: Berit Osmundsen   Telefon: 56 57 52 55 / 957 05 824...

Les meir

Oselvardag på Sjøfartsmuseet

Søndag 19.februar inviterte Oselvarklubben og Bergen Sjøfartsmuseum til Oselvardag på museet. Det var stor interesse rundt oselvarene som var satt opp i utstillinga. Båtbyggjar Stig Salbu Henneman frå Oselvarverkstaden svara på alle slags spørsmål kring reparasjonar, bytting av av trenaglar, skraping, klinking og reparasjon av bordsprekker. Det vart og demonstrasjon av, og mulighet for å prøve, ulike teknikkar og verktøy. Publikum fekk gode råd til opprigging med både turrigg og regattarigg. Primusmotor, ildsjel og forfattar av boka om Oselvaren, Kjell Magnus Økland, heldt foredrag og svara...

Les meir

NRK Museum

13.februar fekk vi besøk av Jan Henrik Ihlebæk frå programmet Museum i NRK P2. Han gjorde opptak i skogen, verkstaden og på sjøen. Vi gler oss til å høyra det ferdige resultatet. På bilde ser du Jan Henrik Ihlebæk saman med Maik i verkstaden og med Leif Harald i skogen. Her kan du høyra...

Les meir

Oppmålingsprosjekt

Har du ein gammal Oselvar liggjande? Fint om du kan la båtbyggjarane ved Oselvarverkstaden få kikka på han. Kanskje du har ein båt som er sjeldan i fasong, innreiing eller storleik. Båtbyggjarane kan henta fram mykje kunnskap gjennom å måla opp båtar. Dette er svært nyttig for oss når vi skal byggja nye båtar i...

Les meir