Bli vår støttespelar

I juni 2018 fekk ASKELADDEN BOAT og Oselvarverkstaden i stand ei treårig avtale om støtte og samarbeid. Les meir på Midtsiden

Oselvarverkstaden får i dag støtte frå Hordaland fylkeskommune og Os kommune, men vil óg ha næringslivet med på laget, og inviterer difor til dugnad:

Oselvaren har ein unik posisjon i Os kommune, og har kanskje vore det viktigaste elementet for å fremme Os Inspirerer. Oselvaren og Oselvarverkstaden vil òg bli viktig for å sette den nye Bjørnafjorden kommune på kartet. Oselvarverkstaden vil ha lokale krefter med på laget, og inviterer difor til dugnad:

Næringsliv og private i den gamle kommunen, og forhåpentlegvis i den nye kommunen, er stolte av Oselvaren, og vil kanskje ha eit ønske om å kunne assosiera sine verksemder og seg sjølv med denne historiske kulturskatten – som denne båten og handverket er.

 

 

Som hovudsponsor får di bedrift desse fordelane.

  • Hovudsponsor får sin logo med undertittelen «Hovudsponsor» på opningssida www.oselvarverkstaden.no
  • Får sin eigen logo på ei eiga sponsorside under www.oselvarverkstaden.no
  • Sponsoren får gratis omvisning for kunder og eigne tilsette
  • Hovudsponsor får høve til å laga eigen sponsorlogo og tilknyting på eiga heimeside
  • Hovudsponsor får ein skalamodell av Oselvaren til utsmykking av eiga verksemd
  • Ramma hovudsponsorbevis som dei kan henge opp i eiga verksemd
  • Plass på sponsorskjerm som heng på Oselvarverkstaden

 

Som næringslivssponsor 1 får di bedrift desse fordelane.

  • Sponsor får sin egen logo på egen sponsorside under www.oselvarverkstaden.no
  • Sponsor får høve til å laga eigen sponsor-logo og tilknyting på eiga heimeside
  • Sponsor får eit ausekar til utsmykking av eiga verksemd
  • Ramma sponsorbevis som dei kan henge opp i eiga verksemd
  • Plass på sponsorskjerm som heng på Oselvarverkstaden

 

Som næringslivssponsor 2 får di bedrift desse fordelane.

  • Sponsor får sin egen logo på egen sponsorside under www.oselvarverkstaden.no
  • Sponsor får høve til å laga eigen sponsor-logo og tilknyting på eiga heimeside
  • Ramma sponsorbevis som dei kan henge opp i eiga verksemd
  • Plass på sponsorskjerm som heng på Oselvarverkstaden

Ta kontakt!