Særs vellukka Oselvarfestival

Laurdag blei Oselvarfestvialen arrangert i og rundt Oselvernaustet, Oselvarverkstaden og ikkje minst på Oselvo. Kor mange som var innom dei fire timane arrangementet varte er uvisst.

Eit av dei populære innslaga var bygging av leikebåtar. Over 200 båtar gjekk ut i løpet av dagen. Det var mange ivrige båtbyggjarar.

 

 

Meir enn 200 trebåtar, laga av store og små, vart sjøsette under Oselvarfestivalen sist laurdag.
Mange tok turen innom verkstaden. Norlandsbåten som ligg inne for reparasjon fekk mykje merksemd.
Her vart det laga trebåtar med og utan strikk-motor
Alle dei politiske partia deltok i kapproing.