Besøk frå Baskerland

Denne veka fekk vi besøk av tre franske rugbyspelare. Dei hadde med seg sin eigen tradisjonsbåt som dei bruker i rokonkurranser i nærleiken av Bilbao. Karane vil ro i dei vestlandske fjordane og byrjar med ein rotur frå Os til Tysse i Samnanger.

Du kan lesa meir om besøket på Midtsiden.

Jean Philippe Chiberri vert intervjua av Kjell Magnus Økland frå Kystsogevekene, i bakgrunnen ser vi båtbyggarane frå Oselvarverkstaden som studerer tradisjonsbåten frå Baskerland.

Frå høgre: Bruno Goicoechea, Jean Philippe Chiberri og Philippe Viquendi.

Gjestene frå Frankrike serverte mat og drikke frå heimtraktene sine.

Ella Mørtsell, Stig Henneman, Leif Harald Amundsen og Fredrik Meier studerer den tradisjonsrike baskiske båten Traînière.