Vedtekter for Stiftinga Oselvarverkstaden

§ 1  Namn og forretningsadresse

Stiftinga Oselvarverkstaden er skipa av Os kommune og Os Båtbyggjarlag, i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. Namnet er Stiftinga Oselvarverkstaden. For alt som ikkje er regulert av desse vedtektene, gjeld lovgjevinga om stiftingar.

Forretningsadresse er Stiftinga Oselvarverkstaden, 5200 Os.

§ 2  Føremål

Føremålet er å ta vare på båtbyggjarhandverket som gjeld oselvaren, i pakt med tradisjonar og strenge krav til kvalitet. Dette skal ein oppnå ved at

A  Oselvarverkstaden skal vera ein opplæringsstad der ein tek vare på og utviklar handverket med oselvarbygging.

B  Oselvarverkstaden skal vera ein stad der ein tek vare på og utviklar spisskompetansen med bygging av små trebåtar.

C  Oselvarverkstaden skal vera ein opplæringsstad for dei fylkeskommunale lærlingane.

D  Oselvarverkstaden skal vera ein stad der handverket kan vidareførast som ei livskraftig næring.

E  Oselvarverkstaden skal vera ein stad der ein vil formidla kunnskap om handverket og bruken av båten.

§ 3  Grunnkapital

Grunnkapitalen er på kr 50 000,-.

§ 4  Styret

Styret for Stiftinga Oselvarverkstaden har fem medlemer med personlege varamedlemer som vert oppnemnde slik:

  • Os kommune ein medlem
  • Hordaland fylkeskommune ein medlem
  • Dei fast tilsette ved Oselvarverkstaden ein medlem
  • Dessutan nemner styret for stiftinga opp to styremedlemer. Minst ein av dei skal vera frå norsk museumsmiljø eller antikvarisk miljø, og ha relevant kompetanse om tradisjonell, norsk småbåtkultur

Funksjonstida til styremedlemene følgjer kommunestyreperioden. Styret vel sjølv leiar og nestleiar. Styremedlemene kan attveljast utan tidsavgrensing. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades. Står røystene likt

avgjer røysta til leiaren. Dagleg leiar er sekretær for styret og møter fast på styremøta. Styret kan i einskilde høve også gje andre møte- og talerett.

Styret tilset og kan seia opp dagleg leiar og båtbyggjarar, og fastset kven som skal ha det faglege ansvaret. Styret godkjenner årsmelding og årsrekneskap som dagleg leiar legg fram, og vedtek budsjett. Styret kan også vedta strategiske planar for drifta ved verkstaden. Styret vel revisor for stiftinga.

§ 5  Strategiutval

Oselvarverkstaden har eit strategiutval på minst fem personar, alle oppnemnde av styret. Strategiutvalet arbeider etter eit mandat gjeve av styret for verkstaden.»

§ 6  Dagleg leiing

Styret tilset dagleg leiar, som skal vera sekretær for styret og stå for den daglege drifta av Oselvarverkstaden. Det gjeld også produksjonsplanlegging og organisering av arbeidet på verkstaden.

§ 7  Tilhøvet til Os kommune

Det skal skrivast ein eigen avtale med Os kommune om dei tenestene kommunen yter verkstaden. Dette gjeld leige av verkstadlokala, dagleg leiing og anna som har med administrasjon av verkstaden å gjera, og det gjeld årlege tilskot til drifta.

Styret ved Oselvarverkstaden 2023 – 2027:
 
Styreleiar: Henrik J Askvik
Nestleiar: Stig Morten Frøiland (Vestland fylke)
Styremedlem: Terje Planke, Stig Salbu Henneman og Frode Herseth (Bjørnafjorden kommune)
Varamedlem:
Marianne Nordhus (Vestland fylke), Harald Døsen (Bjørnafjorden kommune)
 
 
Rekneskap: TIND ØKONOMI AS 
Revisor:  OS REVISJON ANS