Oselvarverkstaden er ei stifting som Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag står bak. Føremålet er å ta vare på handverkskunnskapen, og både kommunen og fylkeskommunen yter heller store tilskot til drifta, slik at verkstaden kan bruka mykje tid på kunnskapsoverføring og -tileigning.
Oselvarverkstaden kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle. I dag er framleis dei to yngre båtbyggjarane og ein av dei gamle meistrane knytte til verkstaden. Fem lærlingar har hatt læretida si og teke fagprøven sin hos oss, to av dei er fast tilsette som båtbyggjarar. Lærling nummer seks er nett byrja. Desse båtbyggjarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon i Os.
I og med at tradisjonen har vore ubroten så lenge er heile den gamle kunnskapen intakt. Båtbyggjarane våre kan truleg meir om tradisjonell småbåtbygging enn nokon andre i landet, og Oselvarverkstaden er truleg fremste kompetansesenteret i Europa på klinkbygde tradisjonsbåtar. Verkstaden har styredeltaking frå viktige institusjonar som Norsk handverksutvikling og Vikingskipshuset i Oslo, og gjennom eit fagråd har me knytt til oss kompetanse m.a. frå Hordamuseet og Hardanger Fartøyvernsenter. Me samarbeider også med Vikingeskibsmuseet i Roskilde, og har nyleg slutta oss til eit opphavleg canadisk nettverk av bedrifter som driv tradisjonelt handverk på høgt nivå, Economuseum.
Båtbyggjarane på Oselvarverkstaden fyller ca. 3,5 årsverk. I tillegg kjem ein lærling. Ved nyttår 2010 har verkstaden bygd 65 båtar. Me har ein sunn økonomi, men det krev heile tida ei nøktern drift.
Alle arbeidsdagar mellom kl. 14.00 og 15.30 kan publikum koma inn på verkstaden og snakka med båtbyggjarane og sjå på når dei arbeider. Verkstaden har og ei utstilling i andre høgda som illustrerer tusen års bygging og bruk. Grupper kan få omvising i utstillinga og verkstaden etter avtale.

