Économusée blir til «Håndlaget»

Oselvarverkstaden er det første Economuseum som vart opna i Hordaland. Hausten 2021 endra organisasjonen namn til «Håndlaget», Håndlaga på nynorsk. Grupperinga av handverksbedrifter og tradisjonsmatprodusenter rettar seg mot reiselivet der ei levande handverksverksemd blir kombinert ved å setje mat- og handverkstradisjonane inn i historisk samanheng. Her kan ein få smaka på tradisjonsmat og sjå korleis handverk blir utført i praksis. I dag er det 15 medlemmer i den norske avdelinga av «Håndlaget»

Dette er medlemmene i HÅNDLAGET – 1. november 2023:

Formålet er å ta vare på, utvikle og syne fram tradisjonsrike handverk- og mat-tradisjoner. Verksemdene som har integrert konseptet kan syne til gode økonomiske, reiselivsmessige og kulturelle resultat. På den måten vert det skapt eit grunnlag for å føre vidare handverkstradisjonen.

Ideen bak modellen er å:

  • SYNE FRAM levande handverk og tradisjonell kunnskap
  • TA VARE PÅ kultur og tradisjonar
  • KOMBINERE kultur, økonomi og turisme
  • BYGGJE ein kulturell modell for entreprenørskap

Medlemmene i HÅNDLAGET er levande handverksverksemder som i tillegg til produksjon og sal av tradisjonsmat- eller handverksprodukt, legg til rette for ei reiselivsoppleving ved at handverkstradisjonane og den historiske samanhengen vert synleggjort. Verksemda får med det ein ekstra arena for omsetnad av produkt direkte til kjøpar, og soleis eit meir solid grunnlag for vidareføring av handverkstradisjonen og kunnskapen om denne.

Medlemmene i «HÅNDLAGET» kjenneteiknar ein som:

  • Nyttar ein tradisjonell teknikk eller kunnskap i produksjonen sin
  • Har eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Har eit oppriktig ønskje om å opne dørene for publikum, for å syne fram handverket og kunnskapen om dette, og lata publikum få møte dei som utfører handverket
  • Har eit bygg som er lagt til rette for framsyning og formidling av handverkstradisjonen
  • Baserer verksemda si på sal av produkta sine